18. des, 2018

Matmor som midtsidepike i lokalavisen sammen med matfar :)

Teksten i reportasjen var omtrent slik:

Bak ein raud låve står ein flokk gamalnorsk spælsau og lurar. Innanfor døra på eit kvitt hus høyrest ivrig bjeffing.
– Velkomen, smiler dei medan ein irsksetter også helsar på sitt vis.
Glenn er frå Ål. Garden kjøpte han for 9 år sidan, og dei siste 8 åra har også Elisabeth budd her.
– Me synest det er hyggeleg når det finst bilete frå Hallingdal på Instagram. Difor merker bileta våre med dei emneknaggane som er mest brukt, fortel Elisabeth.

Dei deler lidenskapen for foto. Det tok verkeleg av etter eit fotokurs for to år sidan.
– Kurset gav oss masse inspirasjon. Me lærte å kjenne kamerautstyret betre og fekk ein grunnleggande innføring, seier Glenn.
Det vert mykje natur og dyr på dei begge. Men Elisabeth portretterer også menneske.
– Det er moro å skape noko. Eg får heilt abstinens om eg ikkje er kreativ. Det boblar over, smiler Elisabeth.

I Kvinnegardslia lever dei eit stille og fredeleg liv. Garden heitte Slettane frå gamalt av og dei tok attende dette namnet når dei overtok. Glenn jobbar til dagleg som takstmann og har heile dalen som arbeidsplass. Elisabeth har utdanning innan byggteknikk og arkitektur, men har dei siste åra også jobba med eigedomstaksering.
– No er planen å satse for fullt på arkitektur og fotografi, fortel ho.
Saman med Anne-Mari Sønsteby får Flå har ho starta opp Hallingfotografene. Saman tilbyr dei fototenester til hyttefolk og fastbuande.
– Me deltek på innovasjonsløftet. Der blir me utfordra til å finne vår nisje, forklarar ho.
Med heimekontor er ein av fordelane at ho kan gå ut å fotografere når lyset er perfekt. Ein får tid til å prioritere naturen når ein bur slik til.
– Det hender eg tek meg ein time fri midt på dagen og er saman med sauene, seier ho.

Dei mest brukte fotomodellane vandrar nemleg rundt huset.
– Me hatt sau i fem år, og no trakkar førti vinterfôra dyr rundt på jordet, fortel Glenn.
Paret har no teke turen ut med kvart sitt kamera og ei bøtte med kraftfor. Der dundrar i bakken når sauene kjem springande for ein godbit. Lyset frå den låge novembersola skin i ulla. Det knepper i fotoapparata. Dei innrømmer at det kan bli litt konkurranse om dei beste bileta.
– Ja, eg kan nok bli litt grinete viss Glenn får ein betre posisjon enn meg og hankar inn eit blinkskot, ler Elisabeth.
– Godt du innrømmer det sjølv, humrar Glenn og smiler lurt.

Sjølv er han aller mest oppteken av naturfoto.
– Det hender eg let børsa bli igjen heime og berre tek med meg kameraet på jakt, seier han.
Slik sett er den svarte elghunden Persia og den irske setteren Sara gode å ha. Uansett kva slags våpen ein har.
– Setteren kan få stand på ei rype og me kan fotografere, fortel Glenn.

Inspirasjon finn dei også på Instagram. Dei abonnerer også på fotoblad.
– Det er så mange dyktige fotografar der ute. Sosiale medium er ein utømmeleg kjelde til gode idear, forklarar dei.
Paret likar å bruke skikkelege kamera og nyttar mykje tid på etterarbeidet for at bileta skal bli best mogeleg.
– I dag tek dei aller fleste bilete med mobil, men dei blir berre liggande på telefonen og gløymd, seier Glenn.